Det gryr av dag

Stikkord

Rundt midtvinter var det ikkje mykje skilnad å sjå på natt og dag. Med velvilje og eit minutt til å venja seg til mørkret kunne eg sjå at himmelen var noko ljosare mot sør. Dette biletet er frå midten av desember. Som du ser av lampene på husa er eksponeringa kanskje noko overdriven.

Ny-Ålesund at noon, long exposure

Dette biletet er meir slik eg minnest denne dagen. Ny-Ålesund at noon

Den grøne streken er ikkje ein sensorfeil, men ein LIDAR tilhøyrande den fransktyske forskningsstasjonen AWIPEV. Laseren vert brukt til å forska på partiklar i atmosfæren. Nett rundt vintersolkverv er det ikkje stor skilnad på daglengda, korkje på Svalbard eller på Stord. No er det tydelig blått, men framleis er dei ljosaste stjernene synlige i sør. Det vert merkbart ljosare kvar dag no, og særlig når det har vore overskya nokre dagar og det så klarnar ein dag vert skilnaden stor. (Ny-Ålesund er ei lita og mørk bygd, så ulikt t. d. Stord og Oslo er det mørkare når det er overskya om natta, sidan det knapt er noko bakkeljos å reflektera frå skyene.)

Dei siste bileta eg har av daggry på Svalbard er desse drygt vekegamle frå Longyearbyen.

DSC_5287

Daylight

No er eg på fastlandet og får ikkje med meg resten, men det er visst stusseleg vêr i nord for tida, med regn og vind og snøras. Nesten like greit å vera i den delen av landet det er kaldt.

Vêret

Stikkord

Ein skulle tru det snødde av og til, men slik har det ikkje vore på ei stund. Det har stort sett vore kaldt og mørkt og opplett, og stundom vind som sliper ned den vesle snøen som eingong ligg på graset. Då eg kom i november hadde det regna slik at bakken var glasert av klinkis. Litt snø kom det oppå dette, men det er lite att av det no. Til og med isen er i ferd med å forsvinna. Det er mange bare flekkar rundtomkring, særleg på vegane, og faren for å brekka rygg og nakke når eg går ut av bilen ved observatoriet er mykje mindre no.

Det er meldt litt snødryss rett over nyåret, men også vind som flyttar snøen til havs straks etter. Det klør i gasstomlane og folk køyrer litt snøskuter no, men meir på faen enn på snø.

Julekvelden

Stikkord

,

Me har visst feira jul. Det foregjekk om lag slik:

Kartverket har fått julegåve

Stikkord

,

Jensemann har teke på seg nisseskjegget og sendt julegåve til Statens kartverk.

Vår vakre antenne nærmar seg pensjonsalder. Mekanikken er gamal og teknologien har gått vidare, og det er på tide å laga eit nytt og betre observatorium. Kongen i statståd har sagt amen, og alle hjarter ventar på revidert statsbudsjett. Det er mange fleire vedtak å gjera og brev å senda før spaden går i jorda, men no er det omsider avgjort at det skal spaast.

Fallsikring

Stikkord

,

Eit vesentleg tema i verdslitteraturen er å falla for ei kvinne. Mindre populært å skriva om i skjønnlitteratur, men tillagt meir vekt i fagprosa, er å falla for tyngdekrafta.

Mange forfattarar meiner dette er noko ein bør unngå, særleg viss fallhøgda ikkje er vesentleg mindre enn kroppslengde eller underlaget er mindre gjestmildt enn isopor og skumgummi. Dersom ein har jobb der oppgåvene kan inkludera t.d. å klatra i antenner eller master bør ein kanskje læra seg korrekt bruk av sele og tau slik at fall vert korte og ukvestande.

Kings Bay, Norsk Polarinstitutt og Statens kartverk slo sine pjalter saman og tinga instruktør frå fastlandet. Så lærte me artige ting som å ta på sele, bruk av sikringstau og falldempar, å klatra opp og ned, å heisa kvarandre opp og ned master og mørke sjakter. Innandørs velopplyst klatrevegg er artig nok, men det er litt meir interessant å gå ut døra og klyva ned hol i golvet på eit gamalt renseverk for steinkol og opp i ei antennemast når brisen er frisk og kald, og det blir litt meir interessant å øva på å heisa folk opp og ned antennemaster som står ute i vinden og opp og ned sjakter inne på nedlagte industribygg.

Om skjegg

Eg har lete skjegget gro sidan 1. oktober, og har fått ein anstendig manke. Viss eg lar det gro vilt eit års tid til burde eg få til eit brukbart villmannsskjegg. På den andre sida, dei siste åra har eg teke skjegget til jul, og eg har litt lyst til å fortsetja den tradisjonen.

Det er kåbbåifest i bygda i kveld, og det er eit glimrande høve til å gjera som eg gjorde til stor jubel på julebordet til UNIS i 2009. Då tok eg mesteparten av skjegget, men lot ei stripe stå under nasa til neste morgon. Eg skal prøva det same i kveld.

Ein halvtime til baren opnar. Rikeleg tid til å aka seg bort til Fjøset og rota gjennom kostymelageret.

PS.

Ein av husreglane i baren er at det er ikkje lov å fotografera etter klokka 22.00.

DS.

Å laga og senda julekort

Stikkord

Slik går ein fram for å laga julekort i Ny-Ålesund:

  1. Vent på måneskin.
  2. Vent på godvêr.
  3. Kle på seg ull og doble bukser. Finn fram børse. Gå ut. Fotografer.
  4. Komponer kort i nettbutikk. Bestill ekspressproduksjon og -levering.
  5. Vent fem virkedagar. Få epost om at no er korta trykt og lagt i postkasse.
  6. Rekn ut at det kan henda korta kjem med sundagsflyet til Longyearbyen. I så fall kjem dei med måndagsflyet til Ny-Ålesund. Det kan henda det er tilstrekkeleg at dei kjem med fastlandsflyet på måndag, men det krev at posten til Ny-Ålesund er ferdig sortert og ikkje må innom postkontoret i Longyearbyen. Viss det ikkje går må korta venta til fredagsflyet, dvs. 23. desember.
  7. Sett av 2. juledag til julekortskriving.
  8. Postlegg. Anslå levering litt utpå nyåret.
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 398 other followers